mandag 3. juni 2013

Vår tur...

Eg har fundert lenge på korleis eg skal formulere dette innlegget. Strengt tatt hadde eg vel egentlig bestemt meg for at eg ikkje skulle skrive det i det heile (vart litt for mykje fokus på meg sjølv...), men etter påtrykk frå opptil fleire så innser eg at det nok ikkje går å sno seg unna. Det har seg nemlig slik at 18. mai gifta eg meg med min kjære fantastiske mann, og det var sjølvsagt pappa som tok brudebildene våre. Dagen feira vi hos mine gode vennar Yngve og Steinar på Åmot Operagard i Bygstad. Det var også denne dagen værgudane bestemte seg for at "vi droppar våren og går rett på sommaren!". I 25 gradar, strålande sol, perfekte omgjevnadar og med familie og gode vennar til stades, feira vi at Jon Arve og Dagrun var blitt mann og kone.

Første og største delen av fotograferinga tok vi på Åmot før gjestane ankom garden. Etter det køyrde vi opp på Airlift og tok nokre bilder der, før brudgommen/piloten flaug oss ned att til gjestane som no venta på oss på Åmot. Det var uvant å vere på andre sida av linsa, og det var iallefall uvant å vere det som brud! Faktisk var det så spesielt å vere brudepar at det nesten ikkje kan beskrivast, men dei av dykk som har gifta dykk forstår kva eg meiner. Ein flyt litt rundt i ei slags boble og prøver å suge til seg alt som er av inntrykk, men i ettertid følast det som om det nesten ikkje har skjedd. Det var nok ei ganske spesiell oppleving for pappa også, og den røynde fotografen var visst ikkje like røynd i å sjå si eiga dotter som brud gjennom linsa (eg trur han var litt rørt til tider). Saman prøvde vi å kombinere våre preferansar, teknikkar og stilartar, slik at det vart litt Olav og litt Dagrun & Jon Arve. Resultatet kan de sjå under, og brudeparet er sjølvsagt strålande fornøgde! Det var viktig for meg personleg at pappa tok bildene våre, og eg er kjempeglad for at han sa seg villig til å gjere det for oss.

Men så må eg berre få sagt noko eg forsåvidt har sagt lenge, men no føler eg at eg har meir tyngde til å komme med ein slik uttalelse. Bestill fotograf når de giftar dykk! Gå til oss eller gå til nokon andre, men gå til ein eller annan som veit kva han/ho gjer! No veit eg kor mykje tid, krefter og pengar som går med på ein slik dag, og mitt råd til dykk er: ta ikkje sjansen på å la nokon som ikkje har kunnskap, utstyr eller erfaring få ei så viktig oppgåve denne dagen! Desse bildene kan ikkje takast om att for det vil aldri bli det same. Når eg ser bildene pappa tok av oss, så har eg berre gode minne frå fotograferinga. Faktisk vil eg seie at eg nesten ikkje kunne tru at vi faktisk hadde vore med på denne dagen i det heile tatt, før eg såg bildene. Utan bildene hadde det alt berre vore eit vagt minne, som ein visna brudebukett. Etter at vi kom heim frå bryllaupsreisa vår har eg gått igjennom bildene, og felt ei tåre eller to. Eg gler meg til å lage eit stort og flott album som vi kan bla i til vi begge er gamle og grå. Dagen gjekk så altfor fort, men bildene vil vare.

Tusen takk til alle som var med på å gjere dagen vår så fantastisk, og takk til pappa som har foreviga oss som brud og brudgom. Eg vil også ønskje lykke til til alle våre komande brudepar framover sommaren. De er i trygge hender!

-Dagrun
















7 kommentarer:

  1. Stort grattis till er! Jättefina bilder.. Man blir lite sugen på att gifta sig! :)

    SvarSlett
  2. Det var verkeleg ein fantastisk dag! Kan anbefale Åmot Operagard i kombinasjon med ein tur på Bringeland. Ta nokre bilder i sikkerhetskontrollen feks ;)
    -Dagrun

    SvarSlett
  3. så nydelege bilete & brud! skal sjølv gifte meg på åmot i sumar, no fekk eg hjartebank. :)

    SvarSlett
  4. Takk for fine ord! Det er berre å glede seg :)
    -Dagrun

    SvarSlett
  5. Så kjempefine bilder, av eit veldig vakkert par, Dagrun! Tusen takk for at vi fekk vere med på den store dagen, vi hadde det strålande! Ingvild & Niko

    SvarSlett
  6. Så fine bilder av et flott par! Glad du la ut bilder, var jo spent på dem.

    SvarSlett
  7. Takk for fine tilbakemeldingar Ingvild og Ingeborg. Vi har så vidt begynt å komme tilbake til hektene etter den store dagen. No var det berre å få laga til albumet vårt då...det blir vel kanskje etter jul ein gong ;)
    -Dagrun

    SvarSlett