torsdag 11. juli 2013

Pastelldraum

Laurdag 6. juli var Caroline og Kjell Ivar sin store dag. Eg har møtt dette trivelege paret nokre gongar før, sidan dei har vore hos meg i studioet med den vesle guten sin. Men denne dagen var det altså dei vaksne som var hovudfokuset, og Caroline (og Kjell Ivar?) har verkeleg sans for detaljar. Sist ho var hos meg prata vi om bryllaupa våre, sidan vi begge skulle gifte oss med ein god månads mellomrom. Vi hadde kvart vårt fargetema, og vi sleit begge med å finne blomster i den rette fargen (kven hadde trudd at dette skulle vere så vanskeleg?). Caroline leita etter mintgrønt, og eg tipsa ho om at eg hadde sett ein fin bukett på ei av mine timelange økter med surfing på diverse bryllaupsbloggar. Eg vart reint så stolt då ho stod der på bryllaupsdagen sin og takka meg for tipset, med ein pastellfarga bukett som var tydeleg inspirert av bildet eg hadde vist ho.

Brudeparet skulle vidare til feiring på Hotell Alexandra, men hadde god tid før middagen kom på bordet. Det passa bra, for både vær, brudepar og fotograf samarbeida godt denne dagen. Ein må jo berre la seg rive med når bruda har raudt hår i høysåte, kort kjole og mintgrøne sko! Og brudgommen var ikkje så verst han heller ;)

Takk for ei flott fotografering! Eg storkosa meg. God ferie/bryllaupsreise!

Beste helsing
Dagrun















2 kommentarer:

  1. Takk Dagrun, bileta er fantastiske! Du er dyktig! Vi kosa oss under fotograferinga!

    SvarSlett
  2. Så kjekt at de er fornøgde med det de har sett så langt! Og så har eg sjølvsagt mange fleire på lur ;) Gler meg til å komme i gong med albumet dykkar!

    -Dagrun

    SvarSlett